Asfaltert omkøyringsveg på Lerstad
Denne veka vart ein omkøyringsveg og ein midlertidig rundkøyring asfaltert på Lerstad.
Ny omkøyringsveg er asfaltert og merka opp langs Lerstadvegen. Bileta er tatt like etter asfalteringa, så all merking og sperringar er ikkje på plass.
Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen
Natt til torsdag vart det lagt ny asfalt og trafikken flytta over på omkøyringsveg i eit strekk langs Lerstadvegen, aust for den eksisterande rundkjøringa ved Meny-butikken.
Ein midlertidig rundkjøring lenger vest vart også asfaltert. Den skal brukast av dei som bur på Høgenakken og av anleggstrafikken på Lerstad. Asfalteringa måtte gjerast no, før det blir for kaldt. Den nye, midlertidige rundkøyringa skal merkast opp og takast i bruk om nokre veker.
Her blir det ny rundkøyring ut frå Høgenakken, men den vert ikkje heilt klar før om nokre veker.
Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen
Den nye vegen er lagt litt høgare i terrenget.
Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen
Kartvisning av omkøyringsvegen.
Statens vegvesen
Sist endra 13.12.2024 13.53