Avklarte ansvar for feil og manglar på ferdige anlegg

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund behandla fredag 11. september ei sak om korleis feil og manglar på ferdige prosjekt skal finansierast når ansvaret ligg hos byggherren.

Et bilde av gatestoppet på Moa, der det vart oppdaga setningsskader i busslomma etter få års bruk. - Klikk for stort bileteStatens vegvesen har nyleg reparert setningsskader på gatestoppet ved Moa. Dette blir finansiert av Bypakke Ålesund. Statens vegvesen

I bygge- og anleggsprosjekt kan det oppstå feil og manglar etter at anlegget er ferdig. Dersom årsaka er knytt til entreprenøren sitt arbeid, blir dette normalt handtert som ei reklamasjonssak. Feil som oppstår i driftsfasen blir vanlegvis følgde opp av drift- og vedlikehaldsavdelingane til vegeigarane.

Den prinsipielle saka som vart behandla i styringsgruppa gjeld tilfelle der feilen skuldast vurderingar eller val byggherren har gjort i planlegginga eller byggjefasen. Dette vil normalt vere aktuelt innanfor den perioden man har reklamasjonsrett til entreprenøren.

Manglar avklarte retningslinjer

I vanlege utbyggingsprosjekt blir prosjektorganisasjonen ofte halde open i ei periode etter at anlegget er ferdig, slik at eventuelle kostnader til feilretting kan belastast prosjektet. Dette har ikkje vore praksis i Bypakke Ålesund, og det finst i dag ikkje ei fastsett ordning for korleis slike kostnader skal dekkjast når prosjektet er avslutta og prosjektbudsjettet er brukt opp.

Sekretariatet meinte derfor det er behov for å klargjere ansvarsforholda og finansieringa i slike saker. 

Tek ansvar

Styringsgruppa vedtok at feil og mangler som byggherrene bærer kontraktuell risiko for finansieres innenfor Bypakke Ålesunds rammer i en treårsperiode fra overtakelse.

Dette var ei prinsipiell avklaring for Bypakke Ålesund, og avklaringa er i tråd med vanleg praksis. I byggje- og anleggsprosjekt er det vanleg at byggherren ber ansvaret for feil og manglar som skuldast eigne val og vurderingar i planlegginga og byggjefasen.

Bilder av gatestoppet på Moa som vart gravd opp.  - Klikk for stort bileteGatestoppet på Moa vart gravd opp, og eit gammalt betongrør vart fjerna. Statens vegvesen

Betalar på Moa

Styringsgruppa behandla også ei sak om reparasjon av setningsskade på gatestoppet på Moa.

Prosjektet vart tatt i bruk i 2022. Etter nokre få års drift vart det registrert setningsskadar på det vestgåande busstoppet, Gatestopp Moa nord. Etter nokre forsøk på mindre reparasjonar vart det avgjort at Statens vegvesen måtte grave opp området for å fjerne årsaka til problemet, og redusere risikoen for nye skader.

Styringsgruppa bad Statens vegvesen om å komme tilbake med forslag til korleis reparasjon av skade på gatestoppet på Moa skal finansierast i løpet av hausten.