Dei fekk sjå og høyre om alle prosjekta i bypakken – dei som er under planlegging, dei som er godt i gang og dei som allereie er ferdig.
Mange av prosjekta vi besøkte er små, men betyr mykje for dei som bur i området - til dømes nye fortau, betre belysning og oppgraderte gangfelt. Bypakke Ålesund har slike prosjekt i alle kommunedelar i gamle Ålesund.
Samtidig er det aktivitet på fleire store prosjekt no, blant anna på Blindheim-Flisnes. Turen vart avslutta med eit besøk til det største prosjektet vårt, Lerstadtunnelen, der dei fekk lære meir om sprengings- og tunnelarbeid.
Sjå bildegalleri frå bussturen her:
Sjå bildegalleri frå Lerstadtunnelen her: