Bygginga i Tonningsgate er i gang

No skjer det i Skarbøvika. Gravemaskinene er på plass, og ny gangveg, sykkelveg med oppgradering av vegbana på strekninga frå Steinvågbrua er eit steg nærmare ferdigstilling.

No vil det bli betre for dei som går og syklar i Skarbøvika. Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi har rydda ein del vegetasjon på sida av vegen for å gjere området klart til sprenging og graving, opplyser Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund, og jobben som skal gjerast er å oppgradere vegbana med litt større breidde enn det den er i dag. På begge sidene av bilvegen kjem eitt felt til fortau og eitt til sykkelfelt. Det planleggast også for etablering av kantstopp for buss på kvar side. Sjølve Steinvågbrua er ikkje del av dette prosjektet.

Sprenging og lysregulering 

I starten av byggeperioden må vi utføre sprengingsarbeid. Då blir det behov for å stenge vegen i korte periodar på maks 15 minutt. Dette vil skje i perioden frå veke 39 – 43, seier prosjektleiaren. 

Fylkeskommunen skal sørge for god skilting og informasjon til naboar i byggeperioden, og det blir ikkje sprengingsarbeid i rushtida på morgon og ettermiddag. Mesta er entreprenør på prosjektet som er venta å stå ferdig i løpet av 2024. 

Gravemaskin fra Mesta - Klikk for stort bileteMesta er entreprenør på prosjektet og har no satt i gang arbeidet i Skarbøvika. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det kan vere verdt å merke seg at det er mykje byggeaktivitet i Skarbøvika, då fleire prosjekt har starta opp samstundes. Det gjeld både oppgradering av vatn- og avløp og bygging av Osanehallen.

Vi ser no fram til å gjere det enda enklare og tryggare å kome seg til og frå for dei mjuke trafikantane i Skarbøvika. 

 

Her er området som får ei oppgradering i løpet av dei neste ti månadene. Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Les meir om prosjekter her 

Kontakt oss

Torbjørn Vatnehol
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Møre og Romsdal fylkeskommune
E-post
Mobil 97 71 41 19