Bypakken til Stortinget i juni

Bypakke Ålesund skal avgjerast i Stortinget før sommaren. Det har Ålesund kommune, Statens Vegvesen og Møre og Romsdal fylke fått stadfesta.

Tore Johan Øvstebø holder to flagg.  - Klikk for stort bilete 

Saka vert sendt frå samferdselsdepartementet til Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite førstkomande tysdag. Dei har då 14 dagar på å behandle saka, og gi si tilråding til Stortinget som skal gjere det endelege vedtaket i saka.

Sjå video av korleis Lerstadvegen blir.

- Dette er svært gledelege nyheiter, og ein stor dag for kommunen. Vi har stor tru på eit positivt vedtak i Stortinget, og då er det gitt grønt lys frå alle hald til å starte med Bypakke Ålesund, seier leiar i styringsgruppa, Tore Johan Øvstebø.

Bypakke Ålesund har ei ramme på 4,0 milliardar kroner. Lerstadvegen er det største prosjektet i bypakken med til saman 2 milliardar til bygging av vegtunell gjennom Lerstad og etablering av sykkelvegar i området. 

- Med eit positivt vedtak kan fleire av byggearbeida ta til allereie i 2022, og innbyggarane vil raskt merke at det skjer ei utvikling, seier Øvstebø.

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune,  Statens Vegvesen og Møre og Romsdal fylke. 

Anleggsstart til jul

 - Vi har førebudd oss for anleggsstart ei god stund, og vedtak i Stortinget er det vi treng for å trykke på startknappen, seier  prosjektleiar i Statens Vegvesen Ole Kristian Birkeland.

Forutsatt at dette blir vedtatt i Stortinget, og at Bypakken si styringsgruppe gir tilslutning til utbyggingsplanen, vil anleggsarbeidet kunne starte rundt jul. Men ikkje i stort omfang.

- Vi kan nemne nytt kollektivpunkt (buss-stopp) ved sjukehuset på Åse, førebuande arbeid for nytt toplanskryss på Lerstad, fleire mindre trafikktryggingstiltak og så må det etablerast system for innkreving av bompengar, seier Birkeland.