Fleire har tatt bussen det siste året i Ålesund.
Kristin Støylen
Bypakke Ålesund vart vedtatt i kommunestyret og fylkestinget i juni 2019, og i Stortinget i mai 2021. Bompengane skal finansiere delar av Bypakke Ålesund, og det er lagt opp til ei innkrevingsperiode på inntil 15 år. Vi er audmjuke ovanfor bilistane som no må betale bompengar for at vi skal få dette på plass, og takksame for dei som vel alternativ til bilen – om ikkje kvar dag, så av og til.
Oppstarten av E136 Breivika-Lerstad i april 2022 markerte oppstarten av Bypakke Ålesund, som i fellesskap skal ruste Ålesundsregionen for framtida med miljøvennlege, trygge og effektive samferdselsløysingar. Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong. Fem milliardar kroner skal brukast for å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport. Vi er ei kommune i utvikling. Både talet på innbyggarar og næringslivsetableringar aukar. Vi må sikre at Ålesund er ein god stad å bu og opphalde seg i, også i framtida. La oss sjå på kva prosjekt vi har ferdigstilt det siste året og kva som skal skje i næraste framtid.
Eit løft for kollektivtrafikken med nye knutepunkt
Bypakke Ålesund har fullført og satt i gang fleire prosjekt innanfor kollektiv i 2023. Det første prosjektet for kollektiv stod klar for bruk 1. januar i år. Det var eit av dei prosjekta i Bypakke Ålesund som hadde størst nytte etter kostnad. Med ny busshaldeplass på Slinningsodden blei det gjort klart for ein raskare busstur inn til sentrum. På Slinningsodden blei det bygd ein snuplass for buss med tilhøyrande haldeplass. Bussane har endestasjon på Slinningsodden, og køyrer tilbake same veg (Hessavegen). Den nye snu- og haldeplassen på Slinningen gjer at linje 1 kan gå frå ringlinje til pendellinje på Hessa. Ei pendellinje vil gje ei direkte linjeføring, raskare reise og reduserte kostnadar. Det gjer også at det blir ei konkurransedyktig reisetid mellom bil og kollektivtrafikk.
Gatestoppa ved Moa kjøpesenter stod ferdig i februar, og blir brukt av mange.
Kristin Støylen
Den 27. februar ble det nye kollektivpunktet ved Moa tatt i bruk av innbyggjarane i Ålesund. Bussane som skal til dei indre bydelane får ei meir effektiv passering forbi Moa. Busslinje 1, 2, 12 og 21 har no stoppestad i Borgundvegen på Moa. Dei køyrer ikkje innom sjølve terminalområdet. Namna på haldeplassane er Gatestopp Moa syd og Gatestopp Moa nord.
Tilbakemeldingane har vore gode rundt dei nye gatestoppa og FRAM har opplevd ei auking av busspassasjerar i denne strekninga det siste året. På busslinje 1 og 2 ser FRAM ein vekst med 25 % i mai 2023, samanlikna med mai 2022. Dette utgjer 33. 651 fleire busspassasjerar på desse to busslinjene. For alle bybussane generelt er det ei auke på 22 % i mai 2023 samanlikna med mai 2022. Rådgivar i FRAM, Inge Rønstad, meiner det er gledeleg å få løfte kollektivtrafikken i Ålesund på denne måten.
«Vi er veldig godt fornøgd med den passasjerveksten vi har sett i Ålesund det siste året. Vi trur at dei tiltaka som er gjort i regi av Bypakke Ålesund for å gi kortare køyretid, har hatt god effekt og at buss har blitt meir attraktivt for fleire som følgje av desse tiltaka, seier Inge Rønstad, rådgivar i FRAM».
Den 8. juni starta Bypakke Ålesund opp med byggefase 1 av det nye kollektivknutepunktet i sentrum. Korsesgata blei difor stengd for all biltrafikk. Når prosjektet står ferdig blir det ei ny løysing for buss i sentrum med av- og påstiging i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata. Området får ei oppgradering og blir trivelegare og opphalde seg i, og blir ei erstatning til dagens bussterminal.
Kollektivknutepunktet er ein del av den vedtekne sørsideplanen for byen. Byggetida blir om lag 1,5 år frå juni 2023 – oktober 2024. I denne perioden blir det vegarbeid i Korsegata, Posthuskrysset, Kipervikgata og Keiser Wilhelmsgate i ulike periodar. Det vil vere mogleg for fotgjengarar å gå gjennom gatene på tilrettelagte gangvegar. Det er Aco Anlegg AS som er entreprenør for prosjektet. Arbeidet i Korsegata har føregått gjennom heile sommaren og mykje har skjedd på kort tid.
«Vi er no godt i gang med bygginga. Vi har brukt sommaren på å rive asfalt, kantstein, betongmurar og i tillegg til avdekking kablar og leidningar. No startar vi for fullt med oppbygging av den nye gata. Arbeidet i Korsegata er i rute og er planlagt ferdig i november, seier prosjektleiar for det nye kollektivknutepunktet, Torbjørn Vatnehol.
Prosjektleiar Torbjørn Vatnehol er nøgd med arbeidet i Korsegata, og seier at byggefase 1 går etter planen.
Ålesund kommune
På same tid som oppstart i sentrum, så starta Statens vegvesen også opp arbeidet med det nye kollektivpunktet ved Åse sjukehus. Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa med ein ny og universell utforma haldeplass langs Borgundvegen. Lyskrysset vil bli bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida vil bli utbetra. Samstundes byggast det sykkelfelt og fortau på oppsida av Borgundvegen innover mot Moa. Prosjektet skal i all hovudsak vere ferdig før jul i 2023. Då vil tilkomsten til sjukehuset stå att, og dette vil bli utført samtidig med at det skal byggast parkeringshus ved sjukehuset.
Bypakke Ålesund vil at det skal bli enklare å kombinere bil og buss. Desse prosjekta er svært viktige for å gjer kollektivtilbodet enda betre for innbyggjarane våre.
Viktigheita av ein trygg skuleveg
Ein månad etter oppstart av bompengar i fjor var det første tiltaket for sikrare skuleveg i Bypakke Ålesund på plass. Både Setrevegen på Fjelltun og Volsdalsbakken var allereie i september 2022 oppgradert med merka fotgjengarovergang og intensivlys. Dette er eit av strakstiltaka og dei mindre tiltaka i Bypakke Ålesund.
Fleire tiltak for trygg skuleveg har blitt ferdigstilt det siste året i Bypakke Ålesund, og fleire skal det bli.
Kristin Støylen
Tre andre trygg skuleveg-prosjekt vart også ferdigstilt med oppstramming av kryss, flytting og forbetring av overgangar og betre lys ved overgang og busslomme:
- Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen
- Fylkesveg 6210 Blindheimsbreivika
- Fylkesveg 536 Gåseid, kryss mellom Borgundvegen og Grønvika
Bypakke Ålesund har fleire mindre tiltak som vi ønsker å ferdigstille før vinteren. For å auke trafikksikkerheita blir det ei omlegging av eit kryss ved Blindheim skule. Prosjektet heiter Øvre Skytterholmen. Det blir også gjennomført eit tiltak i Klokkersundet med intensivbelysning og utbetring av gangfelt.
Seinare kjem det det større prosjekt innanfor trygg skuleveg som trygg kryssing på Bjørge, skuleveg på Aspøy, skuleveg på Hessa og skuleveg på Hatlane. Det er svært viktig at borna i Ålesund har ein trygg veg til skulen og på fritida.
Ny innfartsveg i Ålesund
Gjennom Bypakke Ålesund skal Statens vegvesen bygge ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad, som har vore planlagt i over 40 år. Dette er det største prosjektet vårt. Den nye tunellen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Lengda blir på om lag 3 km. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik. Betre kapasitet og framkome på denne vegen vil også vere viktig for næringstransporten i Ålesund. No har Busengdal AS kome langt i forarbeidet på arbeidet med ny tunnel frå Breivika.
Mykje har skjedd i byggegropa i Breivika. No blir det snart arbeid med den nye Lerstadtunnelen.
Statens vegvesen
Vårt arbeid går bra, og vi har jobba intensivt på mange frontar. Ute i marka starta vi med forberedande arbeid på Lerstad i mars i fjor. Det er ferdig og no er byggegropa i Breivika ned til tunnelstart også nesten ferdig. Her vil det bli jobba videre utover hausten med vatn og avløpsleidningar og straumforsyning i samarbeid med Linja og VAR-avd i Ålesund kommune, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar for nye E136 Breivika-Lerstad.
Statens vegvesen har valt ut fire entreprenørar som går vidare til neste fase i konkurransen om å bygge ny E136 frå Breivika til Lerstad i Ålesund. Desse er Veidekke entreprenør, Arbeidsfellesskapet Implenia Norge AS – Allgrunn AS, AF Gruppen AS og NCC Norge AS. Det blir no forhandlingar utover hausten, med mål om å signere kontrakt i desember. Byggestart vil bli etter nyttår, og prosjektet skal stå ferdig i 2027.
Det siste året har Norconsult, i tett samarbeid med vår byggeleiing, utarbeida anbodsgrunnlaget for tunnelen og Lerstadkrysset, som entreprenørane no sit og reiknar på. Det blir ein spennande haust med forhandlingar, og forhåpentlegvis signerer vi ein kontrakt med riktig pris og rett entreprenør i november eller desember i år, seier Birkeland.
Fleire syklar i Ålesund
Ålesund har store ambisjonar om å bidra til å nå FNs berekraftsmål. Eit av områda byen treng å forbetre er sykkelvegnettet. Bypakke Ålesund ser fram til å begynne på fleire sykkelprosjekt i næraste framtid, som skal bidra til at det skal vere lett og trygt og sykle for alle i kommunen. No ønsker Bypakke Ålesund å knytte saman fleire bydelar for å gjere det enklare og tryggare for deg å sykle til og frå jobb og i kvardagen. Dette vil vi gjere ved å bygge nye sykkelvegar.
Fleire syklar i Ålesund. No vil Bypakke Ålesund gjere det enklare og tryggare for syklistar i byen.
Kristin Støylen
I slutten av august startar arbeidet med ny sykkelveg i Tonningsgate i Skarbøvika. Her er Mesta AS entreprenør. Dette er det første av mange sykkelprosjekt den komande tida. Prosjektet inneheld ei oppgradering av vegbana og etablering av sykkelfelt og fortau. Dette skal auke tryggleiken til dei som går og syklar. I tillegg er prosjektet ein del av ein framtidig plan om samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum. Sykkelvegen vil stå ferdig sommaren 2024.
I samband med bygging av nytt kollektivpunkt på sjukehuset skal også gang- og sykkeltilhøva gjennom området bli betre. Gjennom kollektivpunktet og mot Moa vil det kome sykkelfelt på 1,8m bredde og rød asfalt. Sykkelfelta vert lagt bak leskura. Arbeidet med nye sykkelfelt er i gang ved Ålesund sjukehus. Sykkelfelta skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein del av hovudsykkelvegnettet i Ålesund. Sykkel får eigne lyssignal, og same prioritet som biltrafikken. Som en del av Bypakken jobbast det også med planlegging av forlenging av sykkelfelt både aust og vest for kollektivknutepunktet.
Det planleggast for sykkelveg langs E136 på heile strekninga mellom Moa og sentrum der fleire av prosjekta skal finansierast av Bypakke Ålesund. Breivika - Lerstad (3km sykkelveg), Lerstad - Campus (ny sykkelveg), Nørvasundet forbi Campus (ny sykkelveg), også jobbast det med planlegging av strekninga Color Line Stadion til Meierikaia i regi av Bypakke Ålesund.
Over nyåret startar Bypakke Ålesund opp med prosjektet Blindheim-Flisnes, som skal bygge fleire kilometer med sykkelveg. Videre startast utbygginga av ny sykkel- og kollektivgate forbi Sørsida, samt nye sykkelveg i Notenesgate i 2024. Vi ser fram til å sette i gang fleire spennande sykkelprosjekt det neste året.
Framtidige prosjekt
Nokon prosjekt står no ferdige, fleire har blitt satt i gang, men vi går straks inn i eit nytt år med fleire store og spennande prosjekt.
Strekninga mellom Blindheim og Flisnes har gjennomsnittleg trafikk per døgn på 11 000 bilar. Det har vore stor befolkningsvekst i området, og fylkesvegen er ei av hovudfartsårene for eksport ut av fylket. Over nyåret vil Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom Bypakke Ålesund, begynne på prosjektet Blindheim-Flisnes. No skal fleire kryss leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Byggeperioden vil vare i om lag to år frå 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Prosjektet blir lyst ut på anbod no til hausten. Anleggsarbeid startar opp på nyåret.
Neste år startar vi også opp arbeidet med ny kollektivgate og bru ved sørsida i sentrum. Statens vegvesen skal bygge ei ny gate og bru gjennom det som i framtida blir den nye bydelen Sørsida. Den nye gata vil gå frå Keiser Wilhelmsgate ved dagens rutebilstasjon til Nedre Strandgate ved Waterfront hotell, med ei ny bru over Brosundet. Kommunestyret i Ålesund har vedteke at den nye gata skal vere einvegskøyrd austover, og det blir ei kollektiv- og sykkelgate med breie fortau. Nedre Strandgate vil ha tovegs trafikk som i dag, men Hellebrua blir avlasta ved at Notenesgata vert envegsregulert vestover frå innkøyringa til Kremmergården. Med dette grepet får ein plass til sykkelfelt i Notenesgata utan at det går ut over gateparkering.
Illustrasjon på korleis den nye brua ved sørsida i Ålesund sentrum blir sjåande ut.
FREDERIC VIDEM LANDSKAPSARKITEKTER
Dei overordna måla til Bypakke Ålesund er å skape eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer, bidra til å utvikle eit framtidsretta kollektivtilbod og bidra til ei attraktiv og berekraftig byutvikling. Bypakke Ålesund ønsker å gjere det enklare for deg å kome deg til og frå. Vi ser no fram til å ferdigstille prosjekta som er satt i gang, slik at det skal bli enda enklare for deg å ferdast i Ålesund. Så ser vi også fram til å setje i gang fleire spennande prosjekt dei neste åra.
Les meir om våre prosjekt her