Omkøyring i veke 47
Bypakke Ålesund
Frå måndag 16. november eller tysdag 17. november blir trafikken lagt om til delar av den nye fylkesvegen, gjennom rundkøyriga, og vidare inn på omkøyringsvegen. Omlegginga vil vare fram til slutten av veka (om lag fire til fem døgn).
I denne perioden vil delar av fylkesvegen ha grusdekke.
Tilbake til dagens trafikkmønster
Seinast fredag 20. november blir trafikken lagd tilbake til same løysing som blir nytta i dag. Dette trafikkmønsteret vil vere gjeldande fram til tidleg i januar 2027 når delar av den nye fylkesvegen blir tatt i bruk.
Trafikken blir lagt tilbake til dagens løysing frå 20. november til starten til januar.
Bypakke Ålesund
Ny fylkesveg opnar på nyåret
I løpet av dei første to vekene i 2027 er planen at strekningen blir tilbakeført til fylkesvegen.
Denne omlegginga er avhengig av veret. Før trafikkomlegginga kan gjennomførast, skal entreprenøren ferdigstille mellom anna belysning, rekkverk, støyskjermar og sideareal langs den nye vegen.
Trafikken blir lagt over til den nye fylkesveg frå midten av januar 2027.
Bypakke Ålesund
Endringar for bussreisande frå januar
Når den nye vegløysinga blir teken i bruk i januar 2027, vil enkelte busslommer bli justerte.
Haldeplassen “Blindheimshallen” i vestgåande retning blir vidareført slik den er i dag. I austgåande retning blir haldeplassen "Blindheimshallen" flytta til ny busslomme i henhald til reguleringsplan. Haldeplassane “Puskhola” både i austgåande og vestgåande retning, blir justerte noko samanlikna med dagens løysing.
Ferdig seinhausten 2027
Prosjektet Blindheim-Flisnes er estimert ferdig seinhausten 2027. Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på prosjektet som er ein del av Bypakke Ålesund.