Blå strek viser ny veg. Raud strek viser kor vegen er stengt.Trafikken mellom Ramsvika og fylkesvegen vil gå via den nye vegen ved Hatleholen og Sportsvegen ved Blindheim stadion. Så snart rundkøyringa på fylkesvegen er ferdig vil gjennomgangstrafikken via Sportsvegen bli flytta til rundkøyringa.
Stenginga skjer som ein del av Bypakke Ålesund sitt prosjekt mellom Blindheim og Flisnes. Det skal gjerast arbeid i grunnen framfor Møre folkehøgskule. Legg merke til at stenginga er etter Klipevegen, så dei som skal til øvre og nedre Hatleholen skal fortsatt bruke krysset i Puskhola som i dag.
Endringa gjeld frå torsdag 6. november og vil vare inntil vidare. Når prosjektet står ferdig seinhausten 2026 blir krysset ved Puskhola sanert, og all trafikk skal gå langs den nye vegen ved Hatleholen.