Entreprenør konkurs – jobbar med løysingar for Blindheim–Flisnes

Bertelsen og Garpestad er konkurs og anleggsarbeidet er dermed stoppa. Fylkeskommunen ser no på løysingar for å starte opp igjen anleggsdrifta.

veg sett ovenfra - Klikk for stort bileteTrafikk i området vil gå som normalt sjølv om anleggsarbeidet er sett på pause. Eivind Finnes

Førebels veit ein ikkje når arbeidet på strekninga kan starte opp igjen. Bustyret er kontakta for å avklare vidare framdrift,  og fylkeskommunen ventar no på svar frå dei.  Det er for tidleg å seie kva som vil vere utfallet av dialogen med bustyret, men om eit par veker veit ein truleg meir.  

 - Vi jobbar no med å få full oversikt over situasjonen, seier prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.

Prosjektet var planlagt ferdig til hausten 2026. Denne planen vil mest truleg bli endra som følge av konkursen. Kor store forseinkingar det er snakk om er avhengig av kor raskt ein kjem i gang igjen med anleggsarbeida.

 - Vi vil komme tilbake med meir informasjon så snart dette er avklart, seier Vatnehol.  

Trafikksikkerheita på strekninga er ivaretatt og trafikken kan gå som normalt. Anleggsområdet er sikra og blir kontrollert  jamnleg.