Entreprenørar fekk oversikt over Blindheim–Flisnes

Fleire entreprenørar møtte i førre veke til tilbodsbefaring på prosjektet Blindheim–Flisnes. Deltakarane fekk ei innføring i kva som står att og kva den nye kontrakta omfattar. Entreprenøren Bertelsen & Garpestad gjekk konkurs i mars, og arbeidet er ute på nytt anbod.

Personer ved veg i vernetøy - Klikk for stort bileteTilbodsbefaring på prosjektet. Eduardo Martinez Gutierrez

Tilbodsbefaringa samla fleire interesserte entreprenørar som fekk presentert det som står att langs strekninga, og prosjektomfanget.  

Viktig prosjekt for området

Strekninga mellom Blindheim–Flisnes svært trafikkert, og det er folkerike bydelar. Prosjektet skal gi betre trafikktryggleik og betre framkome for både biltrafikk og mjuke trafikantar.  

Prosjektleiar Eduardo Martinez Gutierres seier at befaringa var eit viktig steg for å sikre vidare god framdrift:

Det var positivt å møte fleire interesserte entreprenørar på befaring. No har dei fått eit tydeleg bilete av situasjonen, og vi trur at dette legg grunnlaget for gode og gjennomarbeidde tilbod.  

Vegen vidare

Tilbodsfristen frå entreprenørane er 18. juni. Ein reknar med å inngå kontrakt i løpet av sommaren, og ha oppstartsmøte tidleg i haust.  

Prosjektet var opphaveleg planlagt ferdig hausten 2026, men blir forseinka. Ny framdriftsplan blir klar når kontrakt er signert.  

Personer ved anleggsområde - Klikk for stort bileteEntreprenørane fekk sjå området på nært hald. Eivind Finnes personer i vernetøy ved veg - Klikk for stort bileteDet er venta at byggearbeidet startar opp tidleg haust. Eduardo Martinez Gutierrez