Gjennomslagssalva i Lerstadtunnelen vart avfyrt onsdag ettermiddag. NCC og Statens vegvesen feira gjennombrotet oppe på røysa etter sprenginga.
Ole Kristian Åset, Statens vegvesen
Ordføraren fekk fyre av salva i lag med NCC sin skytebas onsdag 4. februar. Etter at trykkbølgja hadde runga gjennom tunnelløpa, fekk folk kome fram og sjå røysa etter gjennomslagssalva. En fin boge i tunneltaket vitna om ein svært vellukka avfyring.
-Gratulerer med gjennomslaget, og vi gler oss veldig til heile prosjektet står klart. Det blir ein stor og viktig merkedag for heile regionen, sa ordførar Håkon Lykkebø Strand.
Kake i tunnelen
Entreprenøren rigga til kakebord og kaffe inni tunnelen, og ordførar, Statens vegvesen og NCC holdt taler under markeringa.
- Gjennomslaget er ein stor milepel for entreprenør NCC, Bypakke Ålesund og prosjektet E136 Breivika-Lerstad. No er vi komne svært langt på ein ny veg som vil endre mykje for veldig mange her i Ålesund, både for trafikantar og nabolag, sa prosjektleder Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Trygt arbeid
Birkeland prisa NCC for å ha utført eit krevjande tunnelarbeid på ein trygg og god måte, med nærleik til naboar som har opplevd rysting frå sprengingane på kroppen. Det har også vore strenge krav til innlekkasje av vant som blei tetta undervegs, og til slutt ein utfordrande svakhetssone i berget, som har krevd forsiktig sprenging og tung sikring.
-Tunneldrivinga er løyst på ein veldig god måte, og HMS-arbeidet har vore godt. Men vi er ikke ferdige, for det står att ca 160 meter i det andre løpet før gjennomslag der en gang uti mars, seier Birkeland, og legg til at vegprosjektet som heilskap no er rundt halvvegs.
Status framdrift etter gjennomslag.
Statens vegvesen
To år med tunneldriving
NCC sin prosjektleder Frank Grønvold takka eigne folk og underentreprenørar for stor innsats på anlegget så langt, der heile 407.000 arbeidstimer er lagt ned på vegprosjektet.
-Første salve i tunnelen gjekk 20. mars 2024, og vi vil vere ferdige med siste tunnelsalve litt før påske, altså etter ganske nøyaktig to år. Så tusen takk for flott innsats og vel utført jobb, sa Grønvold.
Per i dag er det ca 165 ansatte i prosjektet, med NCC og underentreprenørar. Blant anna er 390.000 kubikkmeter stein sprengt ut, og totalt er det fyrt av 1293 salver, og 45-50 salver stod att etter gjennomslaget før sprenging av tunnelen er heilt ferdig. Grønvold kunne også opplyse om at det er brukt rundt ein million kilo sprengstoff for å bygge Lerstadtunnelen.
Tunnelen skal åpne for trafikk hausten 2027.