Fekk besøk av samferdselsministeren på Åse

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård var på eit raskt besøk på bypakken sitt prosjekt ved Ålesund sjukehus fredag morgon.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøkte Bypakke Ålesund sitt prosjekt ved sykehuset fredag 5. september. Rett til høyre for ministeren står prosjektleder Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen, som ledet omvisninga. - Klikk for stort bileteSamferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøkte Bypakke Ålesund sitt prosjekt ved sykehuset fredag 5. september. Rett til høyre for ministeren står prosjektleder Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen, som leia omvisninga. Synnøve Flisnes, Statens vegvesen

Under det korte besøket fekk  Jon-Ivar Nygård sjå dei nye busstoppa langs Borgundvegen ved Sjukehuset og den nye tilkomsten til sjukehuset, som vil gå gjennom det nye parkeringshuset som helseføretaket byggjer. Dette skal opnast mot slutten av året. 

Langs Borgundvegen og vidare inn mot Moa fekk han sjå at Bypakke Ålesund har fått gjennomført betydelige tiltak, takka vere 22 millionar kroner i tilskotsmidlar frå staten. Det blir sykkelfelt, nye busstopp og saman med Ålesund kommune skifter entreprenøren ut mykje infrastruktur under bakken på strekninga. Arbeidet på Åse nærmar seg slutten, det siste som skal på plass er ny asfalt på strekninga i oktober.

 - Denne tilskuddspotten på statsbudsjettet til mindre byar med Bypakke har også bidrege til nye sykkelfelt i Skarbøvika, trafikksikkerheitstiltak i Lerstadbakken og på Hessa. I tillegg har det bidrege til at vi har fått på plass dei nye flotte busstoppa på Moa, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Statsråden var på reise i Innlandet og Møre og Romsdal denne veka, og etter besøket i Ålesund gjekk vegen vidare til Veibustkrysset og MC-kurs på Ørskogfjellet kontrollstasjon.