Foreslår endring for HC-parkering i sentrum

I Korsegata vart det etablert tre parkeringsplassar for forflytningshemma i samband med det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum. Desse har vist seg å vere vanskelege å nytte for køyretøy med sidemontert rullestolheis, og Bypakke Ålesund ønskjer å finne ei løysing som kan betre tilgjengelegheita for denne brukargruppa. 

Sunniva Ullavik Erstad

Kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum vart tett i bruk i desember 2024. Innspel frå Norges Handikapforbund Ålesund har synleggjort at parkeringsplassane ikkje gir den tilgjengelegheita som var ønskjeleg for alle brukarar. Dette gjeld særleg brukarar av enkelte rullestolramper og sidemonterte heisar.

I styringsgruppemøtet fredag 11. september presenterte Møre og Romsdal fylkeskommune fleire alternative løysingar. Eitt alternativ er å etablere ein ny HC-parkeringsplass ved St. Olavs plass og flytte dei eksisterande HC-parkeringsplassane i Korsegata nærare krysset med Notenesgata.

Eit anna alternativ er å byggje om dei eksisterande parkeringsplassane i Korsegata. Dette alternativet har ein estimert kostnad på om lag 2 millionar kroner og vil medføre rundt åtte veker med stengd vegbane og anleggsarbeid i Korsegata.

– Dette har vore ei krevjande sak. Vi ønskjer å finne ei god løysing, og har derfor bedt fylkeskommunen gå i dialog med råda for menneske med nedsett funksjonsevne, slik at innspela deira blir tekne omsyn til før vi tek ei avgjerd, sa Øystein Tvedt, leiar for styringsgruppa.

Det er venta at styringsgruppa vil få saka tilbake for endeleg vedtak mot slutten av året.  

Vedtaket: “Styringsgruppa ber om at forslaget blir kommunisert til Råda for personer med nedsatt funksjonsevne før styringsgruppa fatter endelig vedtak i saken.”