Ny entreprenør skal på plass på prosjektet.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Styringsgruppa i Bypakke Ålesund fekk ei orientering om saka 13. mars frå prosjektleiar i fylkeskommunen, Eduardo Martinez Gutierrez. I følge Gutierrez er om lag 60 % av kontraktsarbeidet er fullført. Prosjektet har kun betalt for utført arbeid.
Leiar i styringsgruppa, Øystein Tvedt (H), sa i møtet at det er viktig å få i gang igjen framdrifta, men at ein må ha kontroll på budsjett.
- Det er ein uheldig situasjon vi må håndtere. Det viktigste blir å jobbe frem løysingar som i størst mogleg grad sikrar totaløkonomien i prosjektet, sa Tvedt.
Status på anleggsområdet
- Anleggsområdet er sikra med gjerder og tiltak langs vegen, og blir kontrollert jamleg
- Det er rydda på anleggsområdet, lause gjenstandar og utstyr er fjerna for å ikkje vere til hinder for biltrafikk eller fotgjengarar
- Biltrafikken skal gå som normalt i området
Forventar forseinkingar
Prosjektet var planlagt ferdig hausten 2026, men denne tidsplanen vil bli endra. Kor store forseinkingane blir, avheng av når anleggsarbeidet kan starte opp igjen.
- Bustyret bekrefta onsdag at dei ikkje vil tre inn i kontrakten.
Dette seier prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol. Det betyr at det er fylkeskommunen som skal gjere ny avtale med entreprenør. Han fortel at dei vurderer alternativa som finnast for anskaffing av ny entreprenør til å ferdigstille prosjektet.
- Vi jobbar no med å kartlegge nøyaktig kva som er utført og kva som skal inngå i den nye kontrakta, seier Vatnehol.
- Når vi har ein strategi klar for val av entreprenør kan vi gi meir konkret informasjon om når anleggsarbeida startar opp igjen.
Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund og kontrakten med Bertelsen og Garpestad hadde ein verdi på 230 millionar.
Anleggsområdet er sikra.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Det er sett opp sikring langsvegen, og denne blir kontrollert jamleg.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Tungsikring langs veg.
Møre og Romsdal fylkeskommune.