Ein del av Kipervikgata er stengt i 14 dagar.
Sunniva Ullavik Erstad
Det er eit kvartal av Kipervikgata, og eit kvartal av Keiser Wilhelmsgate på kvar side av fengselet som skal forsterkast. Gatene skal bli betre rusta for å møte framtidas busstrafikk.
- Vi har forståing for at stengte gater skapar ulemper for trafikken i sentrum, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Vi tek eitt kvartal om gangen og arbeider raskast mogleg for å minimere tida gatene er stengt.
Først ut er eit kvartal av Kipervikgata, frå Storgata til Rådstugata, som blir stengt i om lag 14 dager frå 16. september. Deretter blir eitt kvartal av Keiser Wilhelmsgate stengt fram til om lag 14. oktober.