Framdrift på vegprosjektet Blindheim–Flisnes før sommarferien

Arbeidet med vegprosjektet mellom Blindheim og Flisnes går framover. Fylkesvegen er no lagt om, ny vassleidning er snart i drift, og det blir jobba med undergangar, murar og støyvollar.

oversiktsbilde anleggsområde - Klikk for stort bileteVed Puskhola Eivind Finnes

Etter omlegginga av fylkesvegen i mai har det vore stor aktivitet:

Blindheim–Puskhola

  • Puskelva er mellombels lagt om
  • Det er gjort utgravingar i Puskhola og lagt ut bunnfylling  
  • Støyvollar langs fylkesveg 60 er under bygging
  • Mykje av Bjørkavollundergangen ved Blindheim er ferdig støypt.
  • Puskholeundergangen er klar for fundament etter ferien.
  • Ny vassleidning mellom Blindheim og Puskhola er lagt og blir teken i bruk etter ferien.


Vestre Hatlehol / Myrland

  • Veg til gravlunden og fortau inn mot Myrland er ferdig asfaltert.
  • Ny veg og fortau frå fylkesvegen ned mot Ramsvika er ferdig fram til Ramsvikvegen.  


Eikenosvegen og Flisnes

  • Eikenosvegen er nesten ferdig og skal asfalterast etter ferien.
  • Undergangen på Flisnes er utvida, men asfaltering gjenstår.  


Anlegget stenger for ferie i veke 28–30. Det vil være nokon aktivitet i veke 28 med utlasting i Puskhola for å klargjere for vidare forbelastning.

Vidare arbeid etter ferien

Etter ferien blir hovudfokuset å få på plass forbelastninga, som skal liggje i minst tre månader. Eikenosvegen skal ferdigstillast, og dei to undergangane skal gjerast ferdige i løpet av hausten. Ved Flisnes skal gang- og sykkelveg asfalterast slik at fotgjengarovergangen på fylkesvegen kan avviklast.

Det blir oppstart på bygging av rundkøyringa ved Blindheimshallen over sommaren, og den er estimert ferdig mot slutten av 2025.  

oversiktsbilde vegarbeid - Klikk for stort bileteNytt vassrøyr er lagt ned Eivind Finnes oversiktsbilde anleggsområde - Klikk for stort bileteDet blir oppstart på rundkøyringa over sommaren. Eivind Finnes