Har du fem minutt til å bli meir synleg i trafikken?

I dag er det refleksens dag, og årets kampanje frå Trygg Trafikk har ei enkel oppmoding til alle: Bruk fem minutt på å finne fram refleksane dine og feste dei på jakker, sekkar og baggar. Då blir du mykje meir synleg i trafikken, noko som er ekstra viktig når mange store køyretøy ferdast nær anleggsområda våre.

Barn sitter i et amfi og ser på tre mennesker og en stor lastebil.  - Klikk for stort bilete Sunniva Ullavik Erstad

I Bypakke Ålesund har vi fleire prosjekt med høgt aktivitetsnivå for tida. Mange store køyretøy ferdast både på anleggsområda og på vegane kvar dag.

Denne hausten har vi besøkt barnehagar og ein skule nær anleggsområda våre for å dele ut refleksar og snakke om kor viktig det er å vere trygg og synleg i trafikken.

Kor mange elevar får plass i blindsona?

Barn sitter i et amfi og ser på tre mennesker og en stor lastebil.  - Klikk for stort bilete Sunniva Ullavik Erstad

Statens vegvesen og prosjektet Breivika–Lerstad har i haust besøkt Norlandia Høgvoll barnehage, Lerstad barnehage og Lerstad skole for å dele ut refleksar og snakke om trafikksikkerheit.

På skolen hadde vi med oss Busengdal, som er underentreprenør på prosjektet Breivika-Lerstad. Her fekk elevane lære meir om refleksbruk og trafikksikkerheit.

Under besøket fekk elevane teste ut kor mange som kunne gøyme seg i blindsona til ein lastebil, og kor langt unna dei måtte gå før sjåføren kunne sjå dei og dei kunne vinke til han. På den måten fekk dei oppleve på nært hald kor avgrensa sikta til sjåføren kan vere.

Sjåføren Torgeir Urke kunne fortelje at han køyrer forbi skulen opptil 20 gonger i løpet av ein arbeidsdag.

– Og då er eg berre éin av fleire sjåførar som ferdast på vegane i området her, fortalde han. 

To personer foran en barnehage. - Klikk for stort bilete Else Britt Ervik

Barna lev tett på anlegga

Møre og Romsdal fylkeskommune har besøkt dei yngste i vegprosjektet Blindheim–Flisnes.  Barnehagane Puskhola og Blindheim ligg midt i anleggsområdet, og byggherren svarte på spørsmål og forklarte kva gravemaskinane og lastebilane gjer på.  

Prosjektleiar Eduardo Martinez Gutierrez seier at slike besøk er viktige.

- Barna lever tett på anlegget, og då er det kjekt å kunne gi dei litt merksemd med nye refleksvestar og eit hyggeleg besøk, seier Gutierrez 

Ver synleg i haustmørket

Refleks gjer at du blir sett tidlegare av bilistar og kan vere avgjerande for tryggleiken din. Vi oppmodar difor både barn og vaksne til å bruke fem minutt i dag på å sjekke at refleksane er på plass.

Bruk refleks og ver synleg i haustmørket, både nær anleggsområda våre og alle andre stader du ferdast. Jo fleire refleksar, desto betre. ✨