NCC i gang med å bore hol til ein ny salve i Lerstadtunnelen, på E136 ved Ålesund.
Ole Kristian Åset, Statens vegvesen
- Sjølv om vi hadde gjort grundige undersøkingar i forkant, er det mange utfordringar som kan dukke opp undervegs. I Lerstadtunnelen har det meste gått etter planen, og no har vi altså passert halvvegs i tunneldrivinga, seier byggeleiar Jon Trygve Løvik i Statens vegvesen.
Total lengde som skal sprengast ut i dei to tunnel-løpa er 5196 meter. No er over 2600 meter ferdig sprengt. NCC sine tunneldrivarar har så langt fyrt av over 750 salver. Nokre har vore av redusert storleik, men no når framdrifta går for fullt, kjem dei seg ca. 5 meter innover i berget for kvar salve.
- Framdrifta har i all hovudsak gått som venta, og vi har hatt god bergkvalitet så langt. Også sikringsbehovet har vore som forventa, med ekstra sikringsbehov i starten frå Breivika grunna liten bergoverdekning, seier Løvik.
Framdrift per 7. april
Statens vegvesen
Ca. 15000 sikringsboltar er montert så langt, og entreprenøren har gjennomført systematisk injeksjon på store deler av strekninga frå Lerstad. Dette betyr at tyntflytande mørtel blir pressa inn i berget under trykk, for å tette små sprekkar i fjellet. I dette tilfellet vart det gjort for å ivareta vassnivået i Lerstadvatnet.
På sida mot Breivika har det vore mindre strekningar med injeksjon etter behov. Injeksjonsarbeidet har så langt gått som forventa, og prosjektet har innført ein ny metode med for-injeksjon ved bruk av sanntidsanalyse kalt «Logic Grouting».
- Metoden gir reduksjon i mengde injeksjonsmasse og injeksjonstid, og dette gir eit positivt bidrag til reduksjon av klimagassutslipp for prosjektet, seier Løvik.
Lågbrekk og tverrslag
Tunnelen blir bygd med lågbrekk, og det vil sei at det lågaste punktet i tunnelen kjem på midten. Her skal det byggjast eit tverrslag ut mot nord der avløpsvatn frå tunnelen blir ført ut. Vatnet vil gå gjennom eit reinseanlegg før det blir ført ut i sjøen ved Nakkevika. Det gjenstår ennå ca. 500 meter før dei er framme ved lågbrekket.
Så langt har NCC drive fem tverrslag mellom tunnelløpa. Dette er opningar mellom dei to tunnelløpa, som fungerer som nødutgang ved ulykke eller brann i det eine tunnelløpet. NCC har også sprengt ut bergrom for to av dei tekniske bygga som skal huse det elektroniske utstyret som trengs for å drifte ein moderne vegtunnel.
Kontrollingeniør Eivind Gilleshammer i Statens vegvesen er ein av dei som følgjer opp arbeidet som pågår i tunnelen. Her er han framme på stuffen der NCC førebur ein ny avfyring.
Ole Kristian Åset, Statens vegvesen
Gjennomslag i 2026
Rundt 50 personar jobbar med å bygge Lerstadtunnelen, og rundt 35 av dei er på jobb samtidig. Entreprenøren jobbar systematisk for å ta vare på helse, miljø og sikkerheit, og det har ikkje vore alvorlege skader blant tunnelarbeidarane.
Forventa gjennomslag i tunnelen er tidleg på nyåret 2026. Når sprengingsfasen er over, startar eit omfattande arbeid med å innreie tunnelen med vass- og frostsikring, sprutbetong, dreneringsrøyr og kummer, lys, ventilasjon og elektronisk utstyr mellom anna. Tunnelen skal etter planen vere klar til opning hausten 2027.