Byggeleiar Andreas Bergby fortel om framdrifta.
Else Britt Ervik
Etter ein stopp i bygginga er ny entreprenør Aco Anlegg AS i gang med arbeidet. På møtet blei det orientert om korleis prosjektet skal gjennomførast vidare, og om dei ulike fasane som står for tur.
Arbeidet blir delt inn i tre fasar og omfattar både fylkesveg og kommunale vegar i området. Det skal også etablerast betre løysingar for gåande og syklande.
Det er viktig for oss å gi god informasjon om kva som skal skje framover, og kva dette vil bety for dei som bur og ferdast i området. Vi fekk mange gode spørsmål og innspel frå salen, seier Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Aco Anlegg AS presenterte seg også på møtet og orienterte om arbeidet som no er i gang.
Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund og er estimert ferdig hausten 2027.
Les korleis byggeperioden blir
Sjå presentasjonen frå informasjonsmøtet (ppt) (PDF, 25 MB)
Mange gode diskusjonar frå dei frammøtte.
Else Britt Ervik
Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eduardo Martinez Gutierrez, ønskte velkommen.
Else Britt Ervik
Asle Drabløs representerte den nye entreprenøren Aco anlegg AS
Else Britt Ervik