Innsnevring på E136 ved Lerstad

Ei strekning i austgåande retning på E136 mellom rundkøyringa på Lerstad og Nørvasundet er innsnevra frå to til eitt felt.

Innsnevring på E136 Ålesundsvegen vest for Lerstad - Klikk for stort bileteInnsnevring på E136 Ålesundsvegen vest for Lerstad Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen

Grunn til innsnevringa er at det skal etablerast ny infrastruktur i bakken utanfor ny 4-felts veg. Før entreprenøren kan legge ned nye røyr og kablar, må gamal infrastruktur som ligg i konflikt med ny veg gravast opp. Deretter skal den nye vegen byggjast, og dette vil medføre innsnevringar og midlertidige omleggingar med berre eitt køyrefelt i kvar retning, fram til vegen er ferdig.


Entreprenøren må transportere massar ut og inn i feltet som no er stengt for trafikk. Anleggstrafikken vil køyre inn i vest og flette seg ut på vegen igjen i øst. Endra køyremønster på E136 fører også til nedsett hastigheit på strekninga, så folk må vere obs på skilting og ta det roleg.

Innsnevringa er på strekket mellom rundkøyringa på Lerstad og Nørvasundet. - Klikk for stort bileteInnsnevringa er på strekket mellom rundkøyringa på Lerstad og Nørvasundet. Christian Henrik Thomassen Ibsen, Statens vegvesen

 

50-sone er innført! - Klikk for stort bilete50-sone er innført der trafikken flettar, elles er det 60- og 70-sone. Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen