Her ser vi området frå Åsebøen og austover mot Moa, der raudt sykkelfelt er i ferd med å kome på plass.
Statens vegvesen
Ein god del ny gang- og sykkelveg er no gjort ferdig med asfalt, og meir skal få asfaltdekke dei komande vekene. I veke 42 skal det asfalterast frå rundkøyringa ved CirkleK på Moa og til St1 på Lerstad, og om det skulle bli pent og varmt vêr etter dette, vil entreprenøren fortsette å legge raudt dekke, men sannsynlegvis blir det ikke meir med farge før til våren.
Entreprenøren jobbar no med å få ned kantstein vestover til Kebab1, slik at hovudvegen kan bli asfaltert som planlagt. Fortau vil blir gjort ferdige kort tid etter, slik at det meste av arbeidet blir ferdig i løpet av november, inkludert området ved det nye parkeringshuset.
- Vi vil takke så mykje for tolmodigheita til naboane, som har måtte finne seg i stengde avkøyrslar, stengde busstopp, og av og til lange omvegar for å kome seg til husa sine, seier byggeleiar Kåre Rolandsen i Statens vegvesen.
Det nye sjukehuskrysset, og inngangen til det nye parkeringshuset. Gjennom bygget til høgre skal ein gå for å komme seg til sjukehuset, når busstrafikken blir lagt om etter nyttår.
Statens vegvesen
Vest for sjukehuskrysset blir det no jobba med å sette kantstein, før det blir asfaltering kommande veke og veka etter haustferien.
Statens vegvesen