Konkurs gir konsekvensar for andre prosjekt i Bypakke Ålesund

Prosjektet Blindheim–Flisnes har tidlegare meldt om eit auka finansieringsbehov på 118 millionar kroner etter konkursen til hovudentreprenøren i mars. No har styringsgruppa vedteke korleis meirkostnadene skal finansierast.

anleggsarbeid - Klikk for stort bileteArbeid i gang på fylkesvegen mellom Blindheim - Flisnes Eivind Finnes

Alle summane er oppgitt i 2026-kroner. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare informert om at prosjektet Blindheim–Flisnes treng 118 millionar kroner ekstra for å kunne ferdigstillast etter konkursen til hovudentreprenøren Bertelsen & Garpestad i mars 2026.

Den nye styringsramma til prosjektet er 620,2 millionar kroner. Styringsgruppa har tidlegare godkjent den auka styringsramma. No har styringsgruppa også vedteke korleis meirkostnadene skal dekkast innanfor den samla økonomiske ramma til bypakken. 

Gir konsekvensar for andre prosjekt

Meirkostnadene blir handterte gjennom ordinær porteføljestyring. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune, og begge partar må derfor dekke sin del av meirkostnaden gjennom omdisponering av midlar frå andre prosjekt i bypakken.

Møre og Romsdal fylkeskommune sin del av kostnadsauken er 56,9 millionar kroner. Beløpet blir dekt ved å redusere den økonomiske ramma til ID4 Kollektivknutepunktet ved Campus Ålesund frå 69,3 millionar kroner til 12,4 millionar kroner. 

Ålesund kommune sin del av kostnadsauken er 37,9 millionar kroner. Beløpet blir dekt ved å redusere ID7 Sekkepost frå 155,7 til 117,8 millionar kroner. Korleis denne reduksjonen skal dekkjast inn, blir behandla av styringsgruppa innan mars 2027.

Framleis usikkerheit etter konkursen

Det er framleis ikkje avklart om prosjektet får utbetalt eit garantibeløp på om lag 23 millionar kroner. Utan desse midlane vil kostnadsauken for fylkeskommunen vere 70,74 millionar kroner og for Ålesund kommune 47,16 millionar kroner. Styringsgruppa har derfor bedt om ei eiga sak om finansieringa dersom garantien ikkje blir utbetalt. 

Det er også meldt inn eit krav på om lag 69 millionar kroner til konkursbuet etter den tidlegare entreprenøren. Kravet er ikkje avklart enno, men utfallet kan få stor betydning for dei endelege kostnadene i prosjektet og det samla finansieringsbehovet. Styringsgruppa har valt å sikre finansiering av prosjektet utan å ta høgde for ei eventuell utbetaling frå konkursbuet i denne omgang.