Møre og Romsdal fylkeskommune
Området hadde stort behov for gode løysingar for dei som går og syklar. Opphavleg skulle Bypakke Ålesund bygge fortau og sykkelfelt langs Tonningsgate, frå krysset ved Tuenesvegen til krysset ved Brogata.
Prosjektet har blitt utvida i to omgangar undervegs.
- Då Ålesund kommune bestemte seg for å oppgradere vatn- og avløpsnettet vidare mot Notholmen, nytta vi anledninga til å forlenge det nye fortauet og sykkelfeltet tilsvarande, forklarte prosjektleiar Eduardo Martinez Gutierrez frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Deretter vart det kjent at Coop skal bygge ny butikk i Skarbøvika, med krav om å bygge fortau utanfor butikken. Vi la til eit sykkelfelt i tillegg, og dermed vart det nye fortauet og sykkelfeltet forlenga med 80 meter til, forklarar han.
Det har også dukka opp nokre uføresette utfordringar som har komplisert gjennomføringa, blant anna ein trøblete høgspentkabel, og eit større holrom under fortauet.
Prosjektet bad om ei auka styringsramme på 9,4 millionar kroner. Styringsgruppa i Bypakke Ålesund støtta forslaget, og den nye styringsramma for prosjektet vart då 56,5 millionar kroner. Du kan finne saksdokument og referat frå møtet her.
Entreprenør i prosjektet er Mesta.