Krysset ved Puskhola stengast i veke 10
I starten av neste veke blir krysset ved Puskhola langs fylkesveg 60 stengt permanent. Krysset skal sanerast, og blir ikkje opna igjen. Alle i området må nytte nye Ramsvikvegen langs Hatleholen gravlund, og rundkøyringa ved Blindheimshallen.
Dette krysset ved Puskhola blir no stengt.
Eivind Finnes
Når krysset stengast må alle som skal til og frå barnehagen, dei ulike skolane og områda øvre og nedre Hatleholen bruke den nye traséen. Bebuarar i Ramsvika har køyrt på den nye vegen sidan før nyttår, men no blir den opna for heile området. Nye Ramsvikvegen og rundkøyringa gir ein meir trafikksikker adkomst til fylkesvegen.
Tiltak for tryggare trafikk
Tiltaket er ein del av vegprosjektet mellom Blindheim – Flisnes. Fleire trafikkfarlege kryss skal sanerast, og blir erstatta med rundkøyringa ved Blindheimshallen. Ved Puskhola blir det ny undergang for mjuke trafikantar. Denne blir mest truleg ikkje opna før prosjektet står ferdig. Den eksisterande gangbrua mot aust blir værande.
Arbeid ved Møre barne- og ungdomsskole
Det gjenstår ein del vegarbeid nedanfor skolen. Følg skilting på staden.
Stengt kryss er merka med raudt kryss. Dei raude pilene viser ny veg.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sist endra 26.02.2026 14.20