No blir det slutt på lange køar her.
Møre og ROmsdal fylkeskommune
Prosjektet i Skarbøvika er ein del av Bypakke Ålesund, og inneheld ei oppgradering av vegbana og etablering av sykkelfelt med fortau.
-Vi er veldig glade for å kunne fjerne lysreguleringa, og må takke innbyggarane for tolmodet, seier Eduardo Gutierrez, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.
Prosjektet har tatt lengre tid enn planlagt av ulike årsaker, mellom anne blei det ekstra arbeid på grunn av holrom under bakken som ikkje var kjent frå før. Prosjektet har også blitt forlenga eit stykke vidare i Skarbøvikgata.
Siste finpuss til våren
Noko finpuss og asfaltarbeid må vente til våren 2025, men begge køyrefelt blir no opna for trafikk.