Lysregulering i Ramsvika frå 19. september

Frå og med 19. september og fram til jul vil berre eitt køyrefelt vere ope over den nye kulverten i Ramsvika. Trafikken blir regulert med lys.

oversiktsbilde av veg - Klikk for stort bileteBilvegen er merka med raudt. Gang- og sykkelveg er merka med blått. Eivind Finnes

Bakgrunnen for endringa er arbeid med ny vassleidning ved kulverten, i tillegg til ferdigstilling av fortauet.

Gåande og syklande skal nytte ein mellombels veg som går på utsida av kulverten.

Bilvegen, der det berre blir eitt ope køyrefelt om gongen, er markert med raudt på bildet ovanfor. Gang- og sykkelvegen, som er tilrettelagt for mjuke trafikantar, er markert med blått.

Tiltaket er ein del av vegprosjektet til Bypakke Ålesund mellom Blindheim og Flisnes.