Nattarbeid stenger Borgundveien

E136 Borgundvegen blir stengt ved Vestre Furmyrveg frå søndag 6.juli kl 21.00 til måndag kl 06.00 og og frå mandag 7.juli kl 21.00 til tysdag kl 06.00

Borgundvegen blir stengt mellom Moa og Vestre Furmyrsveg. Omkøyring i grønt. - Klikk for stort bileteBorgundvegen blir stengt mellom Moa og Vestre Furmyrsveg. Omkøyring i grønt. Statens vegvesen

Entreprenøren skal grave ein svært dyp grøft for avløpsvatn, og for at dette arbeidet skal kunne utførast trygt for arbeidarane, må diverre vegen stengast heilt. 

Stengetider:

Søndag 6.juli kl 21.00 til måndag kl 06.00

Måndag 7.juli kl 21.00 til tysdag kl 06.00

Anbefalt omkøyring er via Lerstadvegen eller Borgundfjordvegen. Omkjøring er skilta.

 Bebuarar som skal forbi stengepunkta gir seg til kjenne for trafikkvaktane, og blir sleppt fram. Buss mellom Moa og Ålesund sykehus vil gå via Borgundfjordvegen, og busstilbodet på aktuell strekning av Borgundvegen vil ikkje vere tilgjengelig i stengetidsrommet.

 Statens vegvesen og Ålesund kommune beklager ulempene som gravinga medfører.