Nelvikstredet nattestengt
Natt til onsdag, torsdag og fredag denne veka blir det ikkje mogleg å køyre inn Nelvikstredet i Ålesund sentrum. Årsaka er vegarbeid.
Nelvikstredet blir nattestengt onsdag, torsdag og fredag.Det skal gjerast arbeid med kablar og røyr i krysset ved Harald Torsviks plass og Keiser Wilhelms gate. Nelvikstredet blir derfor heilt stengt mellom kl. 21.00 - 07.00 natt til onsdag 26. juni, torsdag 27. juni og fredag 28. juni.
I perioden vil det bli ein mellombels haldeplass for taxi i Keiser Wilhelmsgate ved Sparebanken Møre.
Sist endra 25.06.2024 16.47