Nelvikstredet stengt frå 16. oktober – 1. november
Kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum nærmar seg ferdigstilling. Nelvikstredet blir stengt i om lag tre veker frå onsdag 16. oktober for mellom anna asfaltering.
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Nelvikstredet blir stengt frå 16. oktober.
Kannan Ponnampalam
Arbeidet med kollektivknutepunktet er delt opp slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig. Nelvikstredet blir stengt frå 16. oktober for ferdigstilling av arbeid med gata. I tillegg skal det leggast storgatestein i krysset ved Harald Torsviks plass.
-Saman med entreprenør Aco anlegg AS har vi jamnleg dialog med dei som bur eller driv næring ved prosjektet, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Byggeprosjektet er venta ferdig rundt 1. november, og busstrafikken startar etter planen i desember. Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa.
Sist endra 15.10.2024 12.48