Ny omlegging av køyremønsteret på Lerstad

Torsdag kveld må bilistane tilpasse seg ei ny endring i køyremønsteret på Lerstad.

Illustrasjonen her viser det nye køyremønsteret på Lerstad frå torsdag kveld. Endringa er størst for dei som køyrer mellom Breivika og Hatlaåstunnelen. - Klikk for stort bileteIllustrasjonen her viser det nye køyremønsteret på Lerstad frå torsdag kveld. Endringa er størst for dei som køyrer mellom Breivika og Hatlaåstunnelen. Illustrasjon

Frå torsdag kveld skal trafikken frå Hatlaåstunnelen opp i den store rundkøyringa ved Meny, og den midlertidige vegen bort til rundkøyringa i retning Breivika blir stengt. Rundkøyringa i aust vil framleis vere i bruk som anleggsrundkøyring, men armen sørover blir altså fjerna.

- Arbeidet med å legge om trafikken vil skje utpå kvelden, når trafikken er mindre i området. Vi trur denne omlegginga vil lette trafikkavviklinga, og vi oppmoder trafikantane til å ta det roleg og følge godt med på skiltinga dei første dagane, seier byggeleiar Børge Halrynjo Enge i Statens vegvesen.

Den nye store rundkøyringa ved Meny er dermed ferdig, det står berre igjen noko meir oppmerking. Omlegginga no gjer det muleg for entreprenøren å fortsette med arbeidet med fjernvarme og hovudvassleidning vidare austover, og til slutt ferdiggjering av sykkelveg.

Neste omlegging av køyremønsteret på Lerstad kjem rundt årsskiftet, og då skal trafikken bort i frå vegen over brua.

Den nye rundkøyringa har fått flott steinlegging og sedum-dekke. Sedum er ein staude som veks vilt i Norge og treng minimalt med stell. Den gir også eit godt livsmiljø for bier og andre insekt. - Klikk for stort bileteDen nye rundkøyringa har fått flott steinlegging og sedum-dekke. Sedum er ein staude som veks vilt i Norge og treng minimalt med stell. Den gir også eit godt livsmiljø for bier og andre insekt. Statens vegvesen