Passasjen Parkering og nytt kollektivknutepunkt opnar 8. desember.
Illustrasjon: Margarida Pais Arkitektur AS
Det nye kollektivknutepunktet, saman med ny sykkelveg i Borgundvegen, er ein del av Bypakke Ålesund. Prosjektet knyter saman den nye hovudinngangen ved Ålesund til sjukehus og buss. Universell utforming har vore eit gjennomgåande prinsipp, og med den ferdige løysinga skal det vere lett å finne vegen frå busshaldeplassen, via Passasjen Parkering fram til sjukehuset.
Med den nye løysinga vil bussane ikkje lenger køyre ned til sjukehuset, men stoppe ved det nye knutepunktet. Dette gir betre framkome, tryggare ferdsel og kortare reisetid.
– Vi får ei meir effektiv og brukarvennleg løysing for reisande til og frå sjukehuset. I tillegg kortar vi ned reisetida mellom sentrum og Moa, noko som er viktig for utviklinga av kollektivtilbodet i Ålesund, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar i FRAM.
FRAM legg om bussrutene frå første avgang måndag morgon 8. desember, og ny haldeplass får namnet “Ålesund sjukehus”.
Passasjen Parkering – eit framtidsretta bygg
Sunnmøre Parkering har oppført eit moderne parkeringshus med plass til om lag 600 bilar. Bygget er fleksibelt, har god kapasitet og gir moglegheit for utvikling for Helse Møre og Romsdal på fleire områder. Bygget er eit sentralt bindeledd mellom sjukehuset og kollektivknutepunktet og inneheld både heis og trapp ned til den nye hovudinngangen.
– Passasjen Parkering er eit framtidsretta bygg med nærleik til viktige funksjonar. Det er eit universelt utforma, ope og trygt offentleg areal, tilgjengeleg heile døgnet, med gjennomtenkt materialbruk, lys og arkitektur. Dette bidreg til tryggleik og trivsel i området, seier Berit Sørland Wennersberg, styreleiar i Sunnmøre Parkering.
Eit løft for heile området
Prosjektet handlar ikkje berre om buss og parkering. Området er oppgradert med grøntareal, gangvegar og samanhengande sykkelfelt i begge retningar mellom Moa og krysset ved Borgundfjordvegen. Dette gir betre tilrettelegging for mjuke trafikantar på ei trafikkert strekning.
– Den nye passasjen og tilkomsten frå kollektivknutepunktet til sjukehuset er eit viktig bidrag for å gi trygge tilhøve og betre tilrettelegging for både pasientar og besøkande. Dette er eit godt døme på samarbeid mellom helse, private aktørar og samferdsel, seier Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
Statens vegvesen har vore ansvarleg for vegprosjektet, ny sykkelveg og nye haldeplassar for Bypakke Ålesund. Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland understrekar kor viktig samarbeidet har vore:
– Prosjektet ved Ålesund sjukehus er ein viktig del av Bypakke Ålesund. Vi har lagt vekt på god universell utforming, og vi har mellom anna eit omfattande snøsmelteanlegg mellom busstoppa og parkeringshuset. Den nye løysinga gjer ferdsel tryggare for alle, enten dei kjem med buss, bil, sykkel eller til fots. Dette er eit prosjekt som vil ha positiv effekt for heile området.
Alle er velkommen til markering
Måndag 8. desember kl. 10.00 inviterer vi til opningsmarkering i femte etasje i Passasjen Parkering – og alle er velkommen.
Bypakke Ålesund, Ålesund kommune, Sunnmøre Parkering AS, Statens vegvesen, FRAM og Helse Møre og Romsdal står samla om arrangementet. Det blir dobbel snorklipping: Ordførar Håkon Lykkebø Strand klipper snora for Passasjen Parkering, medan leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Øystein Tvedt, tek snorklippinga for kollektivknutepunktet.
Nørvøy ungdomskorps sørger for feststemning, og lokale elevar frå Åse skole bidreg med song. Etter programmet blir det servert kake og kaffi – med gode hjelparar frå Medvind i Brisk.