Dei nye trea må plantast ved hjelp av gravemaskin.
Else Britt Ervik
Prosjektet med kollektivknutepunkt i Korsegata og delar av Keiser Wilhelmsgate stod ferdig i desember 2023. Som ein del av prosjektet har området fått ei oppgradering med breie, oppvarma fortau, tre i plantekasser og romslege venteskur.
- Vi er glade for å få nye tre på plass. Dei er viktige for eit grønt og trivele bymiljø, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hanne Skrede.
Plantane er ein viktig del av heilskapen i det nye kollektivområdet. Det er entreprenøren ACO anlegg AS som har sett ut dei nye trea, som må plantast individuelt med gravemaskin i plantekasser under bakken.
- Vi håpar trea no får stå i fred slik at dei kan bidra til trivsel for alle, seier Skrede.
Nye tre både i Korsegata og Keiser Wilhelms gate.
Else Britt Ervik