Omfattande hærverk i Hatleholen

Fredag morgon blei det oppdaga omfattande hærverk på utstyr og maskiner på Blindheim-Flisnes-prosjektet i Bypakke Ålesund. Nå blir sikkerheten auka, mellom anna med kamera i området. 

Gravemaskin og byggeplass - Klikk for stort bileteDet er gjort hærverk på anlegget i Hatleholen. Andreas Bergby

To gravemaskiner frå Busengdal, som er innleid til prosjektet, har fått låsane knust. I tillegg er det skade på sidedørene, og den eine maskina har fått knust sideruta. 

Det er også påført skade på anna utstyr som er naudsynt for å halde byggegropa tomt for vatn. Aggregatet var skrudd av, og samtlege pumpeslangar var skore opp på langs. Byggegropa har blitt fylt opp med vatn, noko som hindrar framdrifta i prosjektet. 

-    Hærverket rammar lokale entreprenørar, og går ut over sikkerheita for både entreprenørar og forbipasserande. Vi ser svært alvorleg på hendinga, og entreprenør vil politianmelde forhaldet, fortel Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Også tidlegare i veka blei det oppdaga hærverk. Da hadde nokon øydelagt eit fastmerke, som er eit varig merka punkt som brukast for å vite at ein bygg anlegget på rett plass. 

Hærverket er anmeldt, og det blir gjort tiltak for å heve sikkerheita i prosjektet framover. Mellom anna vil det bli etablert fleire kamera. 

-    Samtidig ønsker vi å oppfordre folk til å kontakte politiet dersom ein observerer mistenkeleg aktivitet på anleggsområdet utanom arbeidstid, seier Aune. 

Det er Bertelsen & Garpestad AS som er hovedentreprenør i prosjektet. 

Gravemaskin med plast i vindu.  - Klikk for stort bileteAnleggsmaskiner har fått dør og vindu knust. Andreas Bergby