Onsdag blir det gjennomslag i første løp på Lerstadtunnelen

Onsdag 4. februar vil ordfører Håkon Lykkebø Strand være med å fyre av den siste salva i søndre løp på Lerstadtunnelen.

Statens vegvesen

Markeringa vil føregå inne i tunnelen onsdag ettermiddag, og hendinga vil berre vere open for dei tilsette ved veganlegget og spesielt inviterte gjestar. Ordførar Håkon Lykkebø Strand i Ålesund vil fyre av salva i lag med NCC sin skytebas.

- Gjennomslaget er ein stor merkedag for entreprenør NCC, Bypakke Ålesund og prosjektet E136 Breivika-Lerstad. Etter gjennomslagssalven vil det eine tunnelløpet vere opent, mens i løp nummer to vil det ennå pågå sprengningsarbeid til godt ut i mars, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Lerstadtunnelen får ei lengde på ca 2,6 kilometer, og den vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Tunnelen skal opne for trafikk hausten 2027.