Påskestengt i byggeprosjekta våre
Påska nærmar seg og prosjekta våre har byggestans i stor grad heile påska. Her får du ein oversikt over arbeidet og påskestenging.
Boreriggen er på plass i Breivika.
Statens vegvesen
Aktivitet på byggeplassane våre i påska:
- Blindheim-Flisnes har ikkje aktivitet frå torsdag 17. april til 22. april.
- I Tonningsgate blir det ikkje aktivitet frå torsdag 17. april til 22. april. Det er stort sett asfaltering som går føre seg på begge prosjekta nemnt over.
- På Ytre Hessen er det ei maskin som skal vere i drift frå måndag 14. til onsdag 16. april. Arbeidet går føre seg utanfor køyrebane og er hovudsakleg mindre tilstelling og pussarbeid. Ingen inn- eller utkøyring av massar. Det vil gå føre seg mindre opprydding og tilstellingsarbeid. I heilagdagane er det ingen aktivitet.
- På E136 Breivika – Lerstad skal det jobbast fram til og med laurdag 12. april før dei tek påskeferie fram til 22. april. Dei vil sette i gang med nattskiftet straks 2. påskedag er over, det vil si tysdag 22. april kl.00:00 med ikkje støyande arbeid. Støyande arbeid vil bli starta opp frå kl. 07:00.
- På Åse vil det ikkje vere aktivitet frå kl. 16.00 fredag 11. april og fram til 22. april.
Les meir om dei ulike prosjekta våre
Sist endra 11.04.2025 10.37