Periodar med lysregulering i Skarbøvika frå 24. februar

På grunn av vegarbeid i Brogata, blir det periodar med lysregulering i om lag tre veker frå måndag 24. februar.  

Gate med vegarbeid på siden - Klikk for stort bileteDet blir vegarbeid i Brogata i Skarbøvika. Kannan Ponnampalam

Skarbøvika skal få ny sykkelveg med fortau. Dette er eit prosjekt i Bypakke Ålesund. Medan det likevel er arbeid i området, vil Ålesund kommune legge ned nye vasskummar og ny vassleiing i Brogata. Med tanke på meir utbygging i framtida, vil det no ligge klart til å koble på vatn på nye bustader.  

Vi takkar trafikantane for tålmodet, seier Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er dei som er byggherre for prosjektet i Skarbøvika.  

Ein god del av jobben skal gjerast på fortauet, så lysreguleringa vil ikkje vere kontinuerlig i desse tre vekene.  

Heile prosjektet er estimert ferdig i løpet av våren 2025.