Samarbeidar om løysing for fjerning av massar

Ålesund kommune har pålagt fjerning av det dei meiner er ulovleg dumping av massar og avfall. Bypakke-prosjektet Blindheim-Flisnes er eit av prosjekta som har levert massar frå byggeplass til fyllingane. Ein ser no på løysingar saman med grunneigar.  

Gravemaskin og felte trær. - Klikk for stort bileteRydding ved Bjørkavollen i 2024. Else Britt Ervik

Møre og Romsdal fylkeskommune, som er byggherre for prosjektet, har fått eit pålegg frå Ålesund kommune om å fjerne om lag 15.000 kubikk med masse frå to områder i Apalvika. I alt er det levert 147.000 kubikk med massar frå ulike aktørar, i perioden 2015 – 2024. Dette ifølge Ålesund kommune.  

- Vi har avslutta køyring av masse til begge områda. 

Dette fortel Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekt i Bypakke Ålesund. Han seier vidare at entreprenøren har oppgåva med etablering av deponi av overskuddsmasser. Fylkeskommunen har ansvaret for kontrakta med entreprenøren.  

- Som ansvarleg byggherre ønsker vi å sjå på løysingar i saken saman med kommunen, grunneigar og entreprenøren, seier han. 

Møre og Romsdal fylkeskommune står for om lag 10 % av all masse som er levert til deponia. Kommunen har også pålagt grunneigarane  om fjerning av resten av dei tilkøyrde massane etter forureiningslova. Klagefristen på vedtaket er innan tre veker frå 26. februar, og fristen for fjerning av masse er 1. desember 2025.