Statens vegvesen
- Vi er svært nøgde med å ha fått kontrakten, og vi ser fram til å komme i gang. Anleggsarbeidet startar over nyttår, og vi planlegg å starte frå austsida av prosjektområdet, seier dagleg leiar Tarjei Rødset i ACO Anlegg.
Han trekker fram at kontrakten på ca. 20 millionar kroner passar godt med kompetansen og kapasiteten dei har innan veg, grunnarbeid, VA og teknisk infrastruktur.
- Vi har hatt, og har framleis fleire oppdrag for Statens vegvesen, og det er ein byggherre vi trivst godt med å jobbe for, seier Rødset.
Dei vil gjennomføre arbeidet etappevis, med fokus på god framdrift og minst mogeleg ulempe for trafikk og aktivitet i området.
Betrar kollektivtilbodet
- Busstoppa er ein viktig brikke i Ålesund sitt kollektivtilbod, og prosjektet får statleg tilskot for å styrke kollektivtilbodet i byen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Busstoppa vil gje tydeleg betring i kollektivtilbodet for dei som bur på Volsdalsberga, og når anlegget står ferdig skal bussane som køyrer innfartsvegen bruke desse haldeplassane, blant anna linje 2.
Busstopppa får universelt utforma plattformer, leskur, taktile felt og trygg tilkomst via gang- og sykkelveg. Det blir òg etablert nye fortau langs parkeringsplassane ved Sparebank Møre Arena og Color Line Stadion. I tillegg blir belysninga i området oppgradert.
Bypakke Ålesund gjennomfører prosjektet, som er finansiert av tilskotsmidlar frå staten.