Tunnelen skal etter planen opne for trafikk mot slutten av 2027, og det er venta at om lag 22.000 biler vil køyre den nye vegen kvar dag.
- Når tunnelen opnar, vil den avlaste trafikken i heile området. Målet er at store delar av trafikken som i dag går gjennom Lerstad skal over i tunnelen, i tillegg til ein god del av trafikken som går over Åse og Moa i dag, fortel Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Kva skjer inne i tunnelen?
Sprengingsarbeidet i Lerstadtunnelen var ferdig i mars 2026, etter ganske nøyaktig to år med tunnelarbeid. Då hadde ein fyrt av meir enn 1400 salvar inne i fjellet. Sjølve tunnelen har eitt løp og to felt i kvar retning, og har ei lengde på ca. 2,6 km.
Sidan den gong har om lag 70% av tunnelen, inkludert heile vestgåande tunnelløp, blitt asfaltert med det første av tre asfaltlag.
Vegbana tek form, det blir montert betongelement langs veggane og fleire stader blir det jobba med tekniske installasjonar og ti tverrforbindelsar som kan nyttast som rømmingsvegar. I tillegg er det gjort arbeid med sikring av vatn.
Til hausten startar det omfattande elektroarbeidet i tunnelen for fullt.
Kva skjer i dagsonene?
- I dagsonene på begge sider av tunnelen jobbar vi mellom anna med klargjering av ny veg og omlegging av leidningsnett, seier Birkeland.
Den nye undergangen og rundkøyringa ved Meny Lerstad nærmar seg ferdig, og vil opne til hausten. Då blir det ei mindre endring i trafikkmønsteret i området, men omkøyringa over brua skal nyttast ei stund til.
Endring langs innfartsvegen i oktober
Langs innfartsvegen har det vore arbeid over lengre tid. Det er blant anna lagt ned nye høgspentleidningar, vatn- og avlaupsrøyr og fjernvarme.
Strekninga vest for Meny Lerstad er asfaltert, og i september blir trafikken flytta over til dei nyasfalterte felta langs innfartsvegen. Då skal arbeidet fortsette der trafikken går i dag. Etter kvart vil det bli to felt i begge retningar på denne strekninga.
Det er for tida ca. 170 personar i arbeid på anlegget, inkludert hovudentreprenøren NCC, underentreprenørar og byggherre Statens vegvesen. Den siste månaden har 52 maskiner jobba på veganlegget.