Eit vassrøyr blir bytta i Kipervikgata.
Kannan Ponnampalam
- Ålesund kommune tok kontakt når vi starta graving i Kipervikgata med ønske om å bytte ut eit 100 år gamalt vassrøyr.
Dette seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han er einig med kommunen i at det er fornuftig å bytte røyret når det likevel skal gravast i gata, framfor å grave på nytt ved eit eventuelt brot på røyret seinare.
- Røyret er svært gamalt og det har god hensikt å ta det no, seier Aune.
Ein reknar med at Kipervikgata vil vere stengt i 4 - 5 veker til saman, dersom det ikkje dukkar opp noko meir uventa. Det vil seie fram til midten av oktober. Deretter går arbeidet vidare til Keiser Wilhelmsgate ved fengselet, som etter planen skal vere stengt i to veker til om lag starten av november. Gatene skal forsterkast for å bli betre rusta for framtidas busstrafikk.