Sluttoppgjer med auka styringsramme

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har vedteke å auke styringsramma til prosjektet for sykkelvegen i Tonningsgate med 3,7 millionar kroner. Midlane skal dekkje kostnader knytte til sluttoppgjeret mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenøren Mesta AS.

Dronebilder som viser det ferdige resultatet i Tonningsgate og Skarbøvikgata, med nylagt asfalt og rødmalt sykkelfelt. - Klikk for stort bileteDronebilde som viser det ferdige resultatet i Skarbøvika. Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektet vart ferdig sommaren 2025, og har gitt ei samanhengande utbetring av tilbodet for gåande og syklande gjennom Tonningsgata og Brogata. Målet med tiltaka er å auke tryggleiken til dei som går og syklar, samt legge til rette for framkome til bussen.

I arbeidet med sluttoppgjeret oppstod det usemje mellom byggherren og entreprenøren om krav knytte til mellom anna endringar og tilpassingane som vart gjorde undervegs i prosjektet. Etter forhandlingar har partane komme fram til ei minneleg løysing og eit endeleg oppgjer.

Den framforhandla avtalen inneber at sluttoppgjeret er endeleg avklart, og at saka blir avslutta utan vidare rettsleg behandling.

Treng ekstra midlar for å avslutte prosjektet

Prosjektet har tidlegare fått auka styringsramma som følgje av mellom anna konflikt med høgspentkablar, holrom under eksistererande fortau og forlenging av fortauet.

Etter den endelege avtalen i sluttoppgjeret er det behov for å tilføre ytterlegare 3,7 millionar kroner for å fullfinansiere prosjektet og kunne avslutte prosjektrekneskapet. 

Midlane blir henta frå ufordelte midlar i handlingsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Dermed gir ikkje den auka styringsramma konsekvens for konkrete prosjekt.