Prosjektet lysast no ut på nytt.
Eivind Finnes
Hovudentreprenøren Bertelsen og Garpestad gjekk konkurs tidleg i mars, og anleggsarbeidet vart dermed stoppa. I midten av april vart noko anleggsarbeid starta opp igjen, etter ei pause på seks veker. Nokre prioriterte oppgåver vart satt i gang for å sikre anleggsområdet og forebygge skade.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut ny kontrakt for å fullføre heile prosjektet.
Fristen for å sende inn tilbod er 15. juni, og målet er å inngå kontrakt med ny entreprenør før sommarferien. Dersom alt går etter planen, vil anleggsarbeidet starte opp igjen tidleg i haust.
Prosjektet skulle opphavleg være ferdig hausten 2026, men blir forseinka på grunn av konkursen.
- Førebels er det vanskeleg å seie når prosjektet kan vere heilt ferdig. Vi vil komme med meir informasjon om vidare framdrift når kontrakta med ny entreprenør er signert, fortel Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekt i Bypakke Ålesund.