NCC fyrte fredag av gjennomslagssalva i løp to av Lerstadtunnelen i Ålesund.
Eivind Gilleshammer, Statens vegvesen
- Entreprenør NCC fyrte av gjennomslagssalva i det andre løpet fredag, og nokre mindre salver har vore fyrt av i etterkant i tverrslaget der det blir reinsebasseng for vatn. Gjennomslaget betyr at naboane til tunnelen no kan vente seg rolegare tider, og vi vil takke alle som bur over tunneltraseen for tålmodet, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Nokre mindre salver kan like vel bli nødvendige i bergrommet for reinseanlegg, men desse vil truleg bli tatt i løpet av denne veka. Det kan også bli behov for nokre sprengingar i grøft, men det vil merkast mykje mindre enn dei store tunnelsalvene.
Tunnelarbeidet i Ålesund har pågått i ganske nøyaktig to år no, og i overkant av 1400 salver har gått av inne i fjellet. Sjølv om folk har meldt seg på SMS-varsling for å få beskjed før salvene blei avfyrte, så har arbeidet ført til ulempe for dei som bur over tunnelen.
Fornøgd entreprenør
Prosjektleiar Frank Grønvold i NCC seier at tunnelarbeidet til dels har vore krevjande.
– Varierande bergforhold og periodar med tung sikring har stilt høge krav til både planlegging og gjennomføring. At vi nå står med presise og trygge gjennomslag i to løp, er noko vi alle kan vere stolte av, seier Grønvold.
Dei to prosjektleiarane i tunnelen, Frank Grønvold i NCC til venstre og Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen til høgre.
Ole Kr Åset, Statens vegvesen
Etter gjennomslaget fredag er tunneldrivinga ferdig, og prosjektet går inn i ein ny fase. Aktiviteten aukar no innan vass- og frostsikring, samtidig som grunn- og betongarbeida held fram både i tunnel og dagsone.
- Elektroarbeida startar i oktober 2026, og prosjektet skal etter planen overleverast i 2027, seier Grønvold
Ny fase
Framover skal avløpsrøyr og leidningar ned i grøftene inni tunnelen, og så skal vegbana byggast opp med knuste steinmassar og til slutt asfalt. Det skal monterast avtrekksvifter, lys og elektrisk utstyr for overvaking og drift av tunnelen. Det skal også setjast opp vassikring i himlinga, for å unngå at vatn dryp frå taket. Under dette arbeidet blir det bora eit stort tal boltar i heile tunnelen si lengde. Desse skal ikkje borast så djupt, men det kan like vel bli høyrbart for dei som bur over tunnelen.
Det skal også borast eit røyr for avrenning gjennom fjellet, for å ta unna vatn frå vegbana og frå tunnelvask. Lerstadtunnelen er bygd med lågbrekk, og det vil seie at lågaste punktet er på midten av tunnelen. Avrenningsvatnet skal førast ut i fjorden på nordsida av tunnelen.
I dagsona er det også mange aktivitetar som pågår framover. Vi jobbar mellom anna med konstruksjonar, VA-anlegg , støyskjermar, klargjering av ny veg og omlegging av høgspent.
Lerstadtunnelen er ein toløpstunnel med ei lengde på ca 2,6 kilometer. Tunnelen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelene Moa og Åse. Tunnelen skal opne for trafikk hausten 2027.
Prosjektet er det største tiltaket i Bypakke Ålesund.
Tunneldrivarane oppe på gjennomslagsrøysa.
Eivind Gilleshammer, Statens vegvesen