Bypakke Ålesund
Til samanlikning er delen elbilpasseringar i same periode 37,9 prosent i Bypakke Kristiansund og 48,3 prosent i Miljøpakken i Trondheim.
Passeringar i bomstasjonane i Ålesund
Innkrevjinga av bompengar i Ålesund starta 22. august 2022. Den gongen var elbilandelen 20,3 prosent. Sidan då har delen elbilpasseringar auka kvart år, med særleg vekst om hausten.
- Auka i elbilpasseringar i Ålesund ser også ut til å bli større i 2026 enn i tidlegare år, fortel Roy Margido Halseth, økonomi- og administrasjonsleiar i Vegamot.
Tala viser passeringar i 2026 akkumulert til og med september:
- 42 prosent er elbilar
- 35 prosent er dieselbilar
- 22,3 prosent er bensinbilar
- 0,7 prosent er andre drivstofftypar
Elbilar står for fleire passeringar
Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at elbilar utgjer 34 prosent av personbilparken i Ålesund. Likevel står elbilane for 42 prosent av bompasseringane. Det tydar på at dei blir brukte meir enn andre bilar.
– Det er naturleg at elbilar blir brukte meir enn andre bilar, og dermed står for fleire passeringar i bomstasjonane. Dersom ein husstand til dømes har både ein elbil og ein dieselbil, vil familien gjerne bruke elbilen mest, sidan den er betydeleg billegare i bruk, seier Halseth.