Det skal fjernast stein som ligg som forbelastning på fylkesvegen.
Eivind Finnes
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider framleis med å få full oversikt over kva som står att i vegprosjektet Blindheim–Flisnes. Entreprenør Bertelsen & Garpestad blei slått konkurs tidleg i mars, og sidan det har det stått stille på anleggsområdet.
- Vi startar med nokre prioriterte oppgåver for å sikre anleggsområdet og forebygge skade, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eduardo Martinez Gutierrez.
Det skal så snart som mogleg bli inngått kontrakt med ny entreprenør for å fullføre heile prosjektet.
I desse områda blir det aktivitet i vekene framover:
Arbeid ved Puskelva
Det er ønskeleg å føre elva tilbake til opphavleg løp snarast mogleg for betre sikring mot eventuell flaum. Store mengder knust stein blir no fjerna frå forbelastning på fylkesvegen, noko som gjer det mogleg å føre Puskelva tilbake. I anleggsperioden har elva vore lagt om og hatt redusert kapasitet.
Diverse andre tiltak
Det blir og utført diverse mindre tiltak for å fullføre påbegynt arbeid. Dette for å hindre at arbeidet som er utført blir forringa. Dette gjeld mellom anna ved den nye rundkøyringa og på ein del kommunale vegar.
Vidare aktivitet
- Det er ikkje planlagt arbeid på andre delar av anlegget før ny entreprenør er på plass og ny kontrakt er inngått, seier Gutierrez.