Natursteinsmur ved Bjørkavollen.
Eivind Finnes
Anleggsarbeidet, der Bertelsen & Garpestad er entreprenør, tek juleferie frå 21. desember – 2. januar. Då blir det ingen byggeaktivitet i området.
- Vi har god fremgang i prosjektet, seier Eduardo Gutierrez, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Vi har mellom anna fått laga til natursteinmurar ved Bjørkavollen. Desse har blitt veldig flotte. Ellers har vi kommet langt med sprenging og førebuande arbeid for nye vegar fleire stader.
Dette er status på prosjektet så langt:
Puskholvegen – Bjørkavollen - Ospedalssvingen: Vi er godt i gang med oppbygging av kommunal veg, og gang- og sykkelveg lengst øst mot Puskhola. Vi har murt ferdig en natursteinmur ned mot Nextcar, og en foran Bjørkavollen.
Ramsvika: Biltrafikken blir flytta oppå den nye kulverten til jul. Det blir tovegstrafikk, og lysregulering blir fjerna over vinteren. Fotgjengarar må framleis gå langs ein mellombels veg på sida av kulverten. Fortauet på kulverten skal byggast ferdig i løpet av våren. Då blir det ei kortare periode med lysregulering.
I tillegg vil vi åpne opp turstien mellom Myrland og Ramsvika ved folkehøgskolen.
Eikenosen: Betongfundament for natursteinmur ved Eikenosen er ferdig, men arbeidet med sjølve muren tek til over nyttår. Ny veg opp Eikenosa er godt i gang, og blir ferdig til våren 2025.
Vestre Hatlehol og Myrland: Det er etablert ein mellombels veg til gravlunden. Denne vil være i bruk ut 2025. Vegen som byggast frå Ramsvika til Blindheimshallen er under arbeid, og går via Myrland. Denne er også planlagt ferdig i løpet av 2025.
Flisnes – Puskholkrysset: Det vil framleis gå føre seg sprengningsarbeid der vi jobbar oss vestover mot Nyledbakken. Her kjem ny gang- og sykkelveg, men den vil være det siste som blir ferdig i heile prosjektet.
Lysregulering i Ramsvika blir fjerna over vinteren.
Eivind Finnes