Stenger busstopp og klargjer for omlegging i Lerstadvegen

Busstoppet for vestgåande buss ved avkøyrsla mot Lerstadlia/Lerstadtoppen vil bli permanent stengd frå neste veke.

Lerstadvegen skal leggast om slik illustrasjonen her viser. Trafikken blir flytta på oppsida av den raude linja. - Klikk for stort bileteLerstadvegen skal leggast om slik illustrasjonen her viser. Trafikken blir flytta på oppsida av den raude linja. Statens vegvesen

Dette er i samband med utbygging av E136 Breivika-Lerstad. Busstoppet skal seinare i prosjektet flyttast litt og gjerast om til kantstopp.

Grunnen til at busstoppet blir stengd no, er at det kjem i konflikt med den neste omlegginga av Lerstadvegen og kommande arbeid med infrastruktur i bakken. Vegen skal leggast om i veke 50 eller 51, slik at trafikken kjem litt nærmare Lerstadtoppen, slik kartutsnittet visar. Det nærmaste busstoppet vil i ein periode vere stoppet ved Martingjerdet.