Stenger fortau langs Borgundvegen og Åsesvingen

Frå midten av veka vil ein del av fortauet langs Borgundvegen ved Åsesvingen bli stengt. Heile fortauet og delar av vegbana skal gravast opp i samband med bytting av vassleidning og system for overvatn.

Den raude strekninga langs Borgundvegen ved Åsesvingen blir stengt frå kommande veke. Gåande og syklande må følge alternativ rute merka i grønt. - Klikk for stort bileteDen raude strekninga langs Borgundvegen ved Åsesvingen blir stengt frå kommande veke. Gåande og syklande må følge alternativ rute merka i grønt. Statens vegvesen

Gåande og syklande kan nytte fortauet langs Åsesvingen, og vi skilter slik at det skal bli lett å finne fram.

Biltrafikken er flytta litt nordover allereie, og køyrer på framtidig sykkelfelt på strekninga. Når arbeidet er ferdig, blir vegen flytta tilbake, og det vil bli sykkelfelt på begge sider mellom Kebab1 og Vindgårdskiftet. Entreprenøren skal gjere mykje under bakken på strekninga, men vi reknar med at fortauet kan opnast igjen i september.

- Vi takker for tålmodet som trafikantane hittil har vist for arbeida langs Borgundvegen, seier byggeleiar Kåre Rolandsen i Statens vegvesen.

Bypakke Ålesund bygger sykkelfelt, nye busstopp og skiftar ut mykje infrastruktur under bakken på strekninga