Breivika-Lerstad
Stengt på anlegget frå torsdag 18. desember. Inne i tunnelen vil det arbeidast til og med laurdag, og det vil også køyrast ut stein til Kipervika til og med laurdag. Etter jul startar arbeidet opp for fullt igjen, med hovudfokus på å gjere klart for fire felt frå der vi i dag har fjerna midt-delaren, og fram til brua som i dag er omkøyringsveg. Her skal det mykje infrastruktur ned i grunnen, så dette vil vere ein langvarig prosess utover i 2026. Oppstart på hele anlegget mandag 5 januar, med unntak av tunnelarbeidene som starter søndag 4 januar på kvelden.
Åse
Stengt frå fredag 19. desember. Her er det meste av arbeid ferdig, det står igjen å byte nokre gamle veglys, og elles litt overflater og gjerde. Det står også igjen å få på fleire taktile heller ved nokre av busstoppa. Det skal også gjerast arbeid ved ei av avkøyringane ved Borgundvegen, og det skal fjernast mellombelse gangvegar og ryddast. Sykkelfelta som ikkje har fått raudfarge endå, vil få det når sommarvêret nærmar seg.
Blindheim-Flisnes
Juleferie frå laurdag 20.12 til fredag 02.01.2026.
Ytre Hessen
Prosjektet tek julefri etter 19. desember. Det blir starta opp igjen arbeid i januar.
Lerstadbakken-Ruudvegen
I Ruudvegen har det vore lagt asfalt tysdag 16. desember, slik at vegen blir operativ igjen til vinteren. Det vil halda fram opprydding og tilstellingar, og dessutan røysing av lysmaster over nyttår når Linja har fjerna kablane sine frå stolpane. Siste asfaltlag (topplaget) i Ruudvegen vil bli lagt i mars når asfaltverket startar opp igjen. Det vil også bli ordna med sjakkmønster på fartsdump når det blir mildare og opphaldsvêr.