Bypakke Ålesund
Krysset var uoversiktleg, med eit langt gangfelt på skrå over vegen midt i eit kryss. Dette er no retta opp i for å gjere det tryggare for dei mjuke trafikantane. Krysset har også fått smalare køyrebane for å gjer det meir oversiktleg og for å gi kortare kryssing for dei gåande.
Fortauet er forlenga mot aust, og det har blitt betre belysning i krysset. Området har også blitt universelt utforma med ledelinjer.
- Vi er takknemlege for at naboar, born, foreldre og lærarar har vist stort tolmod gjennom arbeidet, fortel Tobias Hay Slinning, byggeleiar i Ålesund kommune.
Prosjektet var overlevert frå entreprenøren til Ålesund kommune i midten av juni.
- Entreprenøren har gjort ein flott jobb, og leverte som avtalt. Vi er glade for å ha bidratt til at barna på Blindheim barneskule har fått ein tryggare skuleveg, fortset han.